tv2.no
15 dager siden
Mann dømt for promillekøyring – ankar dommen
Ein mann er dømt til 26 dagars fengsel og ei bot på 124.000 kroner for promillekøyring på Søre Sunnmøre i mars 2024. Mannen vart stoppa etter tips til politiet og hadde ein promille på 2,31. I retten forklarte mannen at han hadde drukke nesten ein halv liter sprit heime for å få sove, etter å ha drukke kaffi og eplemost på ein restaurant. Retten festa ikkje lit til forklaringa til mannen, og viste til vitneobservasjonar og ein sakkunnig som meinte det var lite truleg at mannen hadde drukke så mykje sprit på kort tid. Forsvararen varslar at dommen vil verte anka, og meiner at beviskrava i strafferetten ikkje er oppfylt. Mannen mister også førarretten i to og eit halvt år.